4000-520-616
欢迎来到免疫在线!(蚂蚁淘生物旗下平台)  请登录 |  免费注册 |  询价篮
主营:原厂直采,平行进口,授权代理(蚂蚁淘为您服务)
咨询热线电话
4000-520-616
当前位置: 首页 > 新闻动态 >
新闻详情
(PDF) Å fôra eller ikkje?
来自 : www.researchgate.net/publicati 发布时间:2021-03-25
13 Å FÔRA ELLER IKKJE? EI LITTERATUROVERSIKT OM FÔRING AV STORVILTav fôring på bestanden heilt avhengig av kor stor del av individa i bestanden som brukar fôringa (Bartoskewitz et al. 2003). Det har vorte hevda at fôring minskar seleksjons-presset på naturlege bestandar ved at ogso dei svake individa overlever (Schmidt Hoi 2002) og får forplanta seg (Rodriguez-Hidalgo et al. 2010). Det er sagt at noko vinterdødlegheit er bra ved at dei svakaste dyra døyr ut or bestanden (Boyce 1989). Men det er ikkje eintydige bevis for at vinterdød påverkar genetikken i noko særleg grad (Schmidt Hoi 2002); Tabell 2) og denne eventuelle påverknaden er uansett forstyrra av selektiv jakt (Mysterud 2011). 3.2 Verknader på oppførselenTilførsel av ekstra fôr på punkt i terrenget påver-kar oppførselen til dyra. Når dyr samlar seg ved fôringsplassar kan dei verta aggressive (Donohue et al. 2013) mot artsfrendar og andre arter. Vidare aukar stress ved høge storvilttettleikar (Forristal et al. 2012). Aggresjonen varierer med fôrtype og fôringsteknikk (Schmidt et al. 1998, Schmidt Hoi 1999) og treng ikkje føra til konkurranse og matmangel for svake individ (Veiberg et al. 2004). Elg (Alces alces) og hjort (Cervus elaphus) vel gjerne å bruka ulike fôringsplassar i same generelle området (Johnsen 2012).Forytningsmønster og opphaldsstader til fritt-levande storvilt vert i stor grad påverka av kvar dei til ei kvar tid nn best mogeleg næring (e.g. Focardi et al. 1996, van Beest et al. 2010c, Avgar et al. 2013). Ein kan difor venta at storvilt som brukar fôringsplassar vil konsentrera aktivite-ten der og gå mindre rundt i terrenget (Tabell 1). Dette burde føra til endringar som bruk av ann-leis og mindre leveområde. Og rett nok, 6 av 6 studium observerte yttingar av aktivitetssenter eller kjerneområde i leveområdet mot fôrings-plassane (til dømes Cooper et al. 2006). Slik yt-ting av konsentrert aktivitet høver godt med utlei-ingar frå økologisk teori og forklarar observerte ulikskapar i habitatseleksjon mellom individ som brukar og ikkje brukar fôringsplassar (van Beest et al. 2010b). Verknaden på storleiken av leveom-råda har likevel vore variabel. Nokre arter min-ska leveområda, andre auka, medan leveområda til andre arter i det heile ikkje vart påverka av fôr-ing (Tabell 1). Berre i 1 av 5 undersøkjingar vart leveområda reduserte, truleg fordi dyra har trong for meir enn det tilførde fôret (Brown Cooper 2006). Til dømes må dyra ogso nna ly for dårleg vêr og klara å unngå rovdyr (Merrill et al. 2010, van Beest Milner 2013). Når storviltet har bruk for noko det er lite av nær fôringsplassane, kan leveområdet auka, av di dei lyt langt av lei for å nna det dei treng. Rett nok endra ikkje kvithale-hjort (Odocoileus virginianus) eller angorageiter (Capri hircus) forytningsavstandane ved fôr-ing (Murden Risenhoover 1993), men elg som brukte fôringsplassar gjekk lengre avstandar enn elg som ikkje gjorde det (Mathisen m.. 2014) og fôra mulhjort (Odocoileus hemionus) gjekk len-ger frå kvilestaden for å eta (Peterson Messmer 2011). I Alpane trekkjer hjort frå milde enger høgt oppi dalsidene til fôringsplassar nedi kalde dalbotn medan ufôra hjort held seg på engene i dalsidene heile vinteren (Schmidt 1993). Likevel ser det ut til at sjølv om fôring påverkar vala til individ, skjer dette stort sett på ein liten romleg skala og over kortare tidsrom (Perez-Gonzalez et al. 2010, van Beest et al. 2010b).Me fann lite kunnskap om korleis fôring påverka trekket til storvilt (Tabell 1). Det er døme på at langtidsfôring kombinert med gjerde har klart å bryta tradisjonelle trekk (Peek et al. 2002). I Skandinavia har ein freista fôra elgen i sumarom-råda for å hindra eller utsetja trekk utan å lukkast med det (Sahlsten et al. 2010). Derimot har ein til ei viss grad kunne styra elgen med fôring inne i vinterområda (Gundersen et al. 2004, Sahlsten et al. 2010). I berre i 1 av 7 tilfelle hadde fôring den forventa verknaden på trekket (Tabell 1). Snødjupna i sumarområda, variasjonar i predasjonsrisiko og fôrkvalitet og andre forskjellar mellom sumar- og vinterområda tyktest ha større betydning for trekkmønsteret (Mysterud 1999, White et al. 2010). Sjølv om fôring for å halda vilt borte frå tra-kken ofte er vurdert i litteraturen (e.g. Groot Bruinderink Hazebroek 1996, Huijser et al. 2009, Langbein et al. 2011), har få direkte studert verknaden av fôring på påkøyrsler. I ein region med mange mulhjortpåkøyrslar overlevde bru-

本文链接: http://astlett.immuno-online.com/view-773165.html

发布于 : 2021-03-25 阅读(0)